Utredning og diagnostisering av autisme finn stad poliklinisk. Føresette vil få eit program med innkalling til tidspunkt dei skal møte med eller utan barnet på poliklinikken. Deler av utgreiinga skjer ofte i barnet sitt vante miljø, for eksempel i barnehagen. Dette vil det eventuelt informerast om i forkant.
Dersom det ikkje tidlegare er gjort ei barnepsykiatrisk undersøking vil barnet få det hos oss på poliklinikken. Det krevs ingen førebuingar til denne legeundersøkinga. Det vert ikkje tatt blodprøver eller anna som kan være ubehageleg eller smertefullt. Om det er nødvendig med blodprøver eller likande vil det bli sendt rekvisisjon til det i etterkant.
Observasjonar, samhandling og samtaler med barnet skjer i eige rom på poliklinikken som er utforma nettopp for dette. Barnet / ungdommen vil få oppgåvene som vanlegvis ikkje oppfattast som vanskelege, og kan minne om både leik og skuleoppgåver. Føresette er alltid med inn på utgreiingsrommet med dei minste barna. Denne delen av undersøkinga tek vanlegvis ein time.
Dersom barnet har ein autismediagnose vil behandling og oppfølging varierer ut i frå behovet til barnet. Spesialisthelsetenesta kan gi direkte behandling og rettleiing til barn og føresette. Spesialisthelsetenesta skal også hjelpe dei lokale hjelpetenestene rundt barnet med rettleiing og opplæring slik at dei blir kompetente til å gi barnet den hjelp og støtte barnet har behov for.
Førskulebarn med diagnosen barneautisme blir følgt opp frå spesialisthelsetenesta i heile barnehagetida og i tida rundt skulestart «dersom det er behov for dette». Spesialister på sitt felt rettleier for eksempel barnehage, PPT og andre som skal gje direkte hjelp til barnet lokalt.
Behovet for spesialisthelsetenesta varierer mye. I nokre situasjoner har barnet/ familien og hjelperne rundt barnet behov for noen få veiledningstimer for å få hjelp med konkrete problemstillinger knyttet til autisme tilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over månadar og år.