Framfall av skjede/livmor

Behandlingsprogram

Framfall av skjede og/eller livmor er en tilstand der deler av skjedeveggen eller livmortappen synker nedover i skjeden og kan komme delvis ut av vagina når en sitter lenge, har stått eller gått mye.

Les mer om Livmorframfall
Informasjon fra helsenorge.no

Livmorframfall

Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein har sete, stått eller gått mykje.

​Ein har enno ikkje funne ei sikker årsak til at nokre kvinner får framfall, men ein meiner at alder og reduksjon i styrken i bindevevet er ein faktor.

Skader i bindevevet i samband med fødslar, kronisk hoste, tungt fysisk arbeid, forstopping og overvekt er andre faktorar som kan gi auka risiko for å utvikle framfall.

Ulike typar skjede- og livmorframfall:

  • Framfall av fremre skjedevegg og blærenedfall (cystocele)

  • Framfall av bakre skjedevegg, eventuelt med effekt på tarm (enterocele/rectocele)

  • Framfall av skjedetopp/ livmor (uterindescens)

  • Forlenging av livmorhals (cervixelongasjon)

  • Totalprolaps, der heile livmora kjem ut av skjeden

  • Kombinasjonar av desse

Symptom på skjede- og livmorframfall

​Framfall kjennast ofte som ein kul eller eit press i underlivet. Nokon får plager med å tøme seg for urin eller avføring, urinlekkasje og nokon får småblødingar. Desse er vanlegvis forårsaka av skrubbsår på den delen av skjedeveggen eller livmora som kjem utanfor skjeden. Desse blødingane skal alltid bli kontrollert av lege.

Les mer om Skjede- og livmorframfall (helsenorge.no)