Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Forskningsprosjekt

Mening i livet: Mening i livet hos personer med alvorlig demens

Prosjektet har som mål å utdype kunnskapen om mening i livet hos personer med alvorlig demens og bidra til best mulig personsentrert omsorg som ivaretar mening i livet hos denne pasientgruppen.

Denne studien har som overordna mål å få ein utdjupande kunnskap om meining i livet hos personar med alvorleg demens og bidra til best mogleg personsentrert omsorg som ivaretar meining i livet hos denne pasientgruppa.

Hovudspørsmålet som ligg til grunn for prosjektet er "Kva kjenneteiknar opplevingar av meining i livet for pasientar med alvorleg demens i ein sjukehuskontekst, og korleis kan dette integrerast i personsentrert demensomsorg?".

I dei siste åra har det vore auka interesse for forsking på eksistensiell meiningsdanning og meining i livet inn mot ulike populasjonar. Trass i dette har det vore lite forsking på dette temaet når det gjeld personar med alvorleg demens. Å ha ei oppleving av meining i livet er rekna for å vere eit grunnleggande eksistensielt behov for alle menneske. Det er ikkje noko forsking som tyder på at dette er annleis for personar med alvorleg demens. I ein personsentrert omsorgskontekst utgjer det å ivareta åndelege og eksistensielle behov ei tverrfagleg utfordring for helsepersonell som arbeider med denne pasientgruppa. Sjølv om mange har ei positiv innstilling til å ivareta desse behova, ser det ut til å vere ein avstand mellom haldning og det som blir utført i klinisk praksis. Det at personar med alvorleg demens ikkje er i stand til å kommunisere og uttrykke deira behov gjer dei sårbare, og det er grunn til å anta at det påverkar desse pasientane på eit djupare eksistensielt plan.

Studien er gjennomført innanfor eit sosialkonstruktivistisk paradigme, og nyttar kvalitative metodar i tre delstudier:

  1. Deltakande observasjon av pasientar med alvorleg demens for å utforske korleis meining kjem til uttrykk.
  2. Fokusgruppe med helsepersonell på sjukehus for å utforske deira erfaringar og observasjonar av meining i livet hos pasientar med alvorleg demens.
  3. Tverrfaglege diskusjonar gjennom rundebordskonferanse, der helsepersonell frå både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta diskuterer tverrfagleg  korleis meining i livet kan forståast og implementerast i klinisk praksis.

 

Kontakt

Lars Johan Danbolt

Forskningsleder og professor

Lars.Danbolt@sykehuset-innlandet.no​
  • Utdanningsbakgrunn: religionspsykologi og teologi
  • Primære forskningsfelt: eksistensiell helse, religionspsykologi, mening i livet, psykiske lidelser, praktisk teologi
  • Tilknytning: Sykehuset innlandet og MF vitenskapelig høgskole for teologi, religion og samfunn

Tor-Arne Isene

Stipendiat

tor.arne.isene@sykehuset-innlandet.no
  • Utdanningsbakgrunn: teolog, spesialist i klinisk prestetjeneste innen helse- og sosialsektor 
  • Primære forskningsfelt: mening i livet, demens, psykisk helsearbeid
  • Tilknytning: Sykehuset Innlandet og VID vitenskapelige høgskole
Sist oppdatert 07.02.2025