Epilepsi - digital hjemmeoppfølging
Digital brukerstyrt hjemmeoppfølging er en fleksibel oppfølging for pasienter med en stabil anfallssituasjon.

Hvis anfallssituasjonen din er stabil og du følges opp med blodprøvekontroller og resepter på medisiner, kan digital hjemmeoppfølging være noe for deg. Helsepersonell vil vurdere dette i samråd med deg.
Før
Du får ein SMS med lenke til innlogging i den digitale løysinga sjukehuset ditt bruker. Du må logge deg inn via ID-porten og kan bruke PC, nettbrett eller mobil. Når du har logga deg inn vil du få tilgang til ei skriftleg brukarrettleiing.
Den digitale kommunikasjonen skjer via følgande løysingar:
- Digital heimeoppfølging. På grunn av elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon må du logge deg inn via ID-porten med BankID, Buypass eller Commfides.
- Meldingsutveksling i digital løysing mellom deg og helsepersonell
- Telefonkonsultasjon ved behov
Under
Utfylling av elektroniske skjema
To gonger i året vil du få eit standard kartleggingsskjema. Svara du gir i skjemaa vil vere avgjerande for vidare oppfølging; nytt skjema om eit halvt år, behov for at nokon ringer deg eller behov for legetime.
Kontakt med sjukehuset
Du kan når som helst sende inn svar på kartleggingsskjemaet dersom du har behov for å rapportere endringar eller har behov for kontakt med helsepersonell. Nytt skjema vil vere tilgjengeleg i løysinga for utfylling 24 timar etter at førre skjema er levert. Du kan også ta kontakt gjennom den digitale meldingsutvekslinga. Helsepersonell vil følge opp meldingar og skjema du har svart på, fortløpande.
Akutthjelp
Merk at meldingar ikkje blir kontinuerleg overvakte av helsepersonell. Ved behov for akutthjelp må du ta kontakt med legevakt eller ringe 113.
Etter
Ved stabil anfallssituasjon over lang tid kan oppfølginga ved sjukehuset avsluttast. Då vil fastlege kunne følgje opp vidare.